Om meg
Mitt namn er Kari Margrete Rønning. Eg er fødd i 1959 på Søre Sunnmøre, der eg vaks opp på ein gard.
I vaksen alder tok eg utdanning som sosionom, og har spedd på med vidareutdanningar, mellom anna i rettleiing innan Gestaltterapi og i Karriere-rettleiing. Har jobba med det meste innan sosialt arbeid.
Livet har bydd på mange opplevingar, på godt og vondt. Gleda over livet, humor, viljen til å kome seg vidare, alt dette har gjort meg til den eg er. Som du kan sjå av bilder, er eg glad i å vere ute på tur.
Eg hadde som lita jente mange «Skybert-venner», og eg tenkte nok ikkje over at ingen andre såg desse vennene mine. Eg «såg» ting som ville hende med folk, og dette vart eg etterkvart bedd om å halde stilt om. Det var slikt ein helst ikkje snakka høgt om før i tida.
I 1996 tok eg mitt første kurs innan det Alternative, og eg begynte også då med meditasjon. Sidan har det blitt mange kurs, praktisk erfaring og hundrevis av meditasjonstimar.
Den krafta og energien eg får tilført frå den universielle Kjelda ser eg som ei glede å få dele med andre. Å jobbe med mennesker er det beste eg kan gjere.
COACHING - eg tilbyr holistisk Coaching. Å hjelpe nokon til å fa tilbake arbeidsgleda og livsmestring, er alltid ei god oppleving.
Eg er takksam for kvar person eg kan få lov til å hjelpe til ein betre livs-situasjon.
Kari Margrete Rønning