Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hva kan jeg hjelpe deg med?

For kommende kurs kan du sjekke min Facebookside her  


 

Healing og Fjernhealing

Healing og Fjernhealing

Ein healer trur på ei kraft som er større enn seg sjølv. Vi ser på mennesket i ein heilskap, der kropp, sjel og sinn er integrert i ein energikropp. Kvar healer har medfødde evner, og desse evnene kan vidareutviklast.
Eg er GODKJENT HEALER ,  av Det Norske Healerforbundet, og frå hausten 2020 også  frå Norsk Spiritualistisk Trossamfunn.

Healing og Fjernhealing

Ein healer trur på ei kraft som er større enn seg sjølv. Vi ser på mennesket i ein heilskap, der kropp, sjel og sinn er integrert i ein energikropp. Kvar healer har medfødde evner, og mange  kan vidareutvikle desse .

Under ein healingtime vil eg som healer vere i nær kontakt med Krafta, som kjem frå Kilden; frå Altet. Den energien eg mottek frå Krafta vil eg overføre til personen som har bedd om healing, og slik få aktivert den energien som personen sjølv har ibuande. Alle personar er fødd med den guddommelege kraft, men nokre gongar kan det skje omstende i livet som gjer at ein  føler seg tappa av energi. Det kan vere grunna sjukdom, livskriser, og anna.

Healing skjer helst gjennom ein prosess,  som nokre gongar kan ta  litt tid. Healing kan ein sjå på som hjelp til sjølvhjelp.

Dei positive tilbakemeldingane eg får, gjer at eg kan kjenne på gleda av å kunne hjelpe mennesker igjen og igjen, til å finne att den livsgleda og krafta som eingong var blitt dei til del, men som har vore borte ei tid.

Husrens

Husrens

I mange heimar og på mange arbeidsplassar vert det av og til sagt at det «spøkjer». At vi kan høyre og sjå ting som eigentleg ikkje er der/ ikkje burde vere der. Og kva er dette? Kvar person som har vore i eit hus eller stått på eit jorde, vil etterlate seg eit lite spor.

Husrens

I mange heimar og på mange arbeidsplassar vert det av og til sagt at det «spøkjer». At vi kan høyre, lukte , føle og sjå ting som eigentleg "ikkje er der". Og kva er dette? Kvar person som har vore i eit hus eller stått på eit jorde, vil etterlate seg eit lite spor. Og sporet vil vere der sjølv om hus blir bygd om og ting blir endra på. Kvilelause sjeler kallar nokre det, desse som heng igjen.

I slike situasjonar, der går eg inn på staden, og er i svært nær kontakt med den universelle Krafta.  Kan ha ein slags "prat" med desse sjelene som heng att. 

Eg foretrekk at dei som bur i huset er ilag med meg under besøket, for det kan godt vere eg får beskjedar til den som bur der.

Dei kvilelause blir bedd om å gå inn i kjærleikens lys og gå over på andre sida, der dei døde skal vere. Det er ein vakker seanse. 

Ved husrens brukar eg mine evner som Medium.

Personleg føretrekk eg å vere fysisk på staden der eg skal rense. Men er det store reiseavstandar, kan eg og ta ein husrens på avstand.

 

Regresjon

Regresjon

Regresjon betyr å gå attende til kilden av problemet.
Episoder ein kan ha opplevd som lite barn,  frå eit tid/ein alder der det kan vere vanskeleg å hugse frå, kan ha sett seg svært fast i sinn og kropp. Det kan og vere frå ei traumatisk hending i vaksen alder som ein har fortrengt. Og dette kan ha ført til helseplager på ulike vis.
Eg er godkjent terapeut til å behandle med Regresjon / Hypnoterapi.

Regresjon

Regresjon betyr å gå attende til kilden av problemet.

Episoder ein kan ha opplevd som lite barn, frå ei tid/ein alder der det kan vere vanskeleg å hugse frå, kan ha sett seg svært fast i sinn og kropp. Seinare kan slike vonde episoder sette seg fast som fobiar, og som redsel for visse situasjonar. I ein regresjon kan ein få hjelp til å få svar på kvifor ein reagerar som ein gjer og til å forløyse traumer. Ein kan og få hjelp til å gå inn i tidlegare liv, kanskje  tidlegare liv kan gje nokre svar på spørsmål som vedkomande har i dag.

Blokkeringar og fastlåste negative mønstre som mange slit med, kan verte oppløyste ved ein regresjon.

I ein regresjon vil eg rettleie vedkomande inn i ein djup meditasjon, slik at du kjem i god kontakt med ditt umedvitne sinn. Eg vil  rettleie deg gjennom prossessen. Kva du skal oppleve er opp til deg og ditt indre. Ein regresjon tek gjerne noko tid, og det vert sett av  god tid.  

Regresjon kan, dersom fysisk oppmøte ikkje er muleg,  gjerast på avstand, pr telefon.

Eg vil alltid ta ein samtale med kunden først. Dersom eg  finn at kunden kanskje kun skal ha healing, vil dette bli opplyst. 

Medium

Medium

Medium betyr å vere plassert imellom.
Som medium kan eg ved hjelp av Kilden, vere i kontakt med dine forfedre og andre du har kjent før, og formidle informasjon til deg.

Medium

Medium betyr å vere plassert imellom.

Som medium kan eg ved hjelp av Kilden/ det Guddommelege, vere i kontakt med dine hjelpere/ guidar,  og formidle informasjon til deg.

Ved hjelp av dine guider og hjelparar, og ved Kildens Kraft, kan eg «lese» situasjonar rundt deg. Det heiter gjerne "Reading".

Her "les" eg informasjon som kjem opp rundt deg; det eg "ser" for deg i fortid, notid og framtid. Du som bestiller er genuint interessert, og vi  losar  oss på same "kanal", same frekvens.  Det lyset du kjem  inn i  under readinga, er viktig for å fortsette å vere i.  Går du ut av den, av ulike årsaker, vil det som eg har sett for framtida di, kanskje ikkje skje. Er der blokkeringar, vil det vere riktig å ta unna desse før reading kan skje.

Ein slik jobb kan eg ta per telefon, eg kjenner godt energien din gjennom stemma di. 

 

Guida Meditasjon

Guida Meditasjon

Guida Meditasjon kan gjerne vere for ei gruppe.  Har ofte fått  kanalisert på førehand til meg kva som skal  vere tema. Meditasjon er å vende tilbake/ innover  til seg sjølv. På slike møte rettleiar eg personar til å kome i kontakt med si eiga kraft, finne svar på essensielle spørsmål.

Guida Meditasjon

Guida Meditasjon kan gjerne vere for ei gruppe. Har ofte fått kanalisert på førehand til meg kva som skal  vere tema. Meditasjon er å vende tilbake/ innover til seg sjølv. På slike møte rettleiar eg personar til å kome i kontakt med si eiga kraft, finne svar på essensielle spørsmål.

Meditasjon er også ein fantastisk måte å praktisere Mindfulness på; trene på å vere tilstades i nuet.

Dei positive tilbakemeldingane har vore mange, og det gjer at eg tenkjer at meditasjonsgrupper er veldig viktige. Den krafta som finnast i ei slik gruppe er med på å gje healing, og løft til enkeltpersonar. Som ei kvinne sa: «Etter at eg begynte i meditasjonsgruppa, har eg retta ryggen, og no vågar eg å sei ting eg ikkje våga før».

Kurs

Kurs

Har hatt  fleire kurs i Mediumutvikling, i  ulike  varianter,  og i  Husrens (der vi har vore på ein stad der det er "ånder").

Kurs i Mediumutvikling - her vil du lære

å lese energiar, både på ting og andre menneske, om chakra og korleis ivareta/ balansere desse, om healing , av andre menneske, og dyr, og deg sjøl, om å beskytte deg frå negative energiar,  korleis du kan hente deg inn når du blir for sliten/overvelda, korleis du trenar opp til å bruke ditt umedvitne sinn.

Kurs i Husrens / Energibalansering - her vil du lære

korleis du tek inn energiar og beskjedar, korleis du førebur deg til ein slik jobb, korleis du faktisk utfører jobben, korleis du tek ein etterrens( for å kvalitetssikre at alt det negative er borte).

Det er under planlegging andre typer kurs . Og du kan gjerne kome med ynskje.

 

Coaching

Coaching

Eg tilbyr holistisk coaching.  Det er ikkje berre samtalar og gjennomgang av oppgåver, men inkluderer healing, evt regresjon, dersom dette er aktuelt.  Viktig at alt som "gnisser" på innsida får kome fram.

Målet skal vere å komme i BALANSE i deg sjøl.

Coaching

Programmet  går over litt tid. Du invisterer i deg sjøl og eiga framtid.  Erfaring tilseier tidsbruk inntil 4 månadar, då dette er ein prosess å jobbe seg gjennom for kvar enkelt. OG, du får oppfølging i tida etterpå.

Det har tatt lang tid å "bygge deg ned" og då tek det litt tid å "bygge deg oppatt".

Coachinga vert gjennomført anten ved personlege møter (aller helst) eller ved bruk Online, då brukar eg programmet Zoom. 
PRIS: Det avheng av tida vi bruker.  
Brukar vi inntil 4  månadar,  fordi ein treng det, kan det koste inntil 25 tusen.
Delbetaling er ok.
Eg er  likevel rimeleg i forhold til kva mange tek i betaling for coaching. For meg er resultat viktigast.

Står du fast i noko og kjem ikkje av flekken?  Anten det er å kome  i betre form fysisk og psykisk, kome deg ut av den jobben eller  forholdet  du vantrivast i, å greie å ta dei vanskelege samtalane  med nokon, å finne livsgleda. Og, ikkje minst, coachingprogrammet  er eit flott verktøy å bruke for å få redusert angst. Kanskje den forsvinn heilt?

Kanskje ønskjer du å kome tilbake i jobben din, men det er så mange hindringar?

Uansett kva som står i vegen for deg, vi vil saman finne gode løysingar.

 Gjennom ein prosess vil eg coache/rettleie deg , slik at du får det du treng for å kome i gang - og kome dit du ynskjer.  For deg vil dette vere å investere i helsa di, i livet ditt, i framtida di. 

Share on Facebook